Lyrics to Bastian Bull, Ein Klubbanes Katt
Bastian Bull er rund som ein null,
på langt nær ein tynnhøvla pjatt.
Han går kje som gjest på kaféar for fest,
for Bull, han er ein klubbanes katt.
Lik ein prektig marki skrir han sakte forbi
i ein frakk som er lekker og svart.
Ein finn jo dessverre for sjeldan slik herre
med slik ein fortryllande bart!
Han er gatenes pryd,
han er damenes fryd,
er ein sann kavalér av ein katt!
Særleg dei som er eldst nå,
syn'st om å bli helst på
av Bastian Bull med høg hatt. Av turar er den likaste den
til skolen for dei rikaste,
og det er ulovleg her
for kjetter og menn å ta med både den
og den gamL'Ecole Populaire.
Og med same slags tanken danderer eg manken
hos frøken Barbetta frisør.
Og blir natta litt lang,
har eg klubbrestaurant
som er verdskjend for sniglar med smør.
Når det lir imot jakt-tid, veit eg nøyaktig
kven serverer dei lekraste bein.
Og like før lunsj plar det passe.med punsj
på min kjæraste klubb, "Nitti-ein".
Om eg går fort forbi deg, er dører på vid vegg
og ei duft av gås er det som trekker.
Er det sørgjeleg kveld, tar eg graven makrell.
Og raka forell, åh, så lekker! Ja, slik er det liv som ein Bastian driv.
Og som matkatt så er han eit funn!
Det er ikkje så rart at litt etter kvart
har han blitt litt mistenkjeleg rund.
Han er nitti gram tyngre enn da han var yngre,
og han legg jo litt på seg kvar dag. Trass i alt går det glatt, fordi eg har hatt
faste vanar i heile mi tid.
"Eg skal tikke og gå mange år før eg går." Det var ord frå vår stoltaste katt.
Vi ønskjer ein vår, ein god vår i år
for Bastian Bul1 med høg hatt!
Songwriters:
Publisher:
Powered by LyricFind
Publisher:
Powered by LyricFind