Lyrics to Rom Tom Tapper
Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt:
Om du trur eg har lopper, så seier eg lus.
Når du kallar meg for pus, vil eg heller heite katt.
Når du kallar meg for katt, vil eg berre vera pus.
Om du kjøper meg eit hus, vil eg heller bu i kratt.
Har eg budd i kratt ei natt, vil eg heller bu i hus. Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt. Ja, eg veit det, og eg seier eg står ved det. Og han blir dessverre verre. Ja, det er ikke stort å gjera med det. Han Rom Tom Tapper er ein vanskeleg kar. Når du tar meg inn, vil eg heller gå ut.
Når du tar ein med brus, tar eg heller ein bar.
Når du kallar meg for vær, vil eg heller vera stut.
Eg kosar meg i eit badekar,
men eg går heilt i spinn om det kjem ein sprut. Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt. Ja, eg veit det, og eg seier eg står ved det. Og han blir dessverre verre. Ja, det er ikkje stort å gjera med det. Han Rom Tom Tapper er ein sjømann i land. Mitt lettbeinte liv er ein god gammal vane.
Om du byr meg på fisk, får eg alltid lyst på and.
Når eg ikkje kan få fisk, er det rein sjikane.
Om du byr meg litt smør, blir det fres og kves,
for eg likar best det eg sjølv finn av mat.
Så du finn meg sikkert med smørete fjes
om du gøymer det høgt i eit hyllefat. Han Rom Tom Tapper er liv med litt leven.
Han Rom Tom Tapper bryr seg lite om kjæling. Men eg fyk deg i fang der du strevar attmed veven,
for eg gøyar meg med rot og litt grueleg vræling! Han Rom Tom Tapper er ein underleg katt. Ja,eg veit det, og eg seier eg står ved det. Og hari blir nok berre verre. Ja, det er ikkje stort å gjera-med, a-mi, a-med det!
Songwriters:
Publisher:
Powered by LyricFind
Publisher:
Powered by LyricFind